Stølstufta, som har ei rektangulær form, er 5,75 meter lang og 3 meter brei, og er orientert VSV-ANA. Tufta er definert av ein ytre steinsetting. Denne er 40-50 cm høg i sør, kor det ligg stein i 4-5 lag. Medan det i søraust berre er eit lag med stein, er det ikkje synleg stein i aust. I nordaust ligg det tre stein på ei rekke som viser kor ytterkant av tufta har vore. I vest er det berre ein synleg stein. Hjørne i nordaust og nordvest er markert med sonderingsbor. Mykje av steinen i tufta ligg djupt. Nokre er så vidt synlege og nokre var berre mogleg å oppdage med sonderingsbor. Stein i delar av tufta i sørvest er fjerna, og har vore brukt til å bygge ein pausebenk. Ti meter nord for tufta ligg det eit vegfar. Det vart ikkje påvist trekol i botn av tufta.