Manndalsvegen som kjøreveg, Nordånè bru med veg

Køyreveg, bygd 1837-1842, etter kvart forringa til rideveg (sledeveg), i bruk til 1879. Brua over det sørlegaste laupet av Nordånè er ei steinkvelvbru, 9 m lang, 2,4 m brei + 2 x 0,5 m stabbrom = 3,4 m. Brua har 3,3 m ljosopning. Kara ser ut til å kvila på tømmerflòte. Det har vore gissa på at det var Reier Sveindal som var byggmeister, men det har seinare vist seg at Reier Sveindal ikkje var her ifrå, men frå Svindal i Herad der han bygde ei steinkvelvbru på Sande. Brua over det andre laupet av Nordånè var ei trebru med 7 m lange bjelkar (målte noko innpå kara) og 2,3 m brei, borte nå. Brua over det tredje laupet av Nordånè var også ei trebru med 8,5 m lange bjelkar (målte noko innpå kara) og 2,3 m brei, borte nå. Brua over fjerde laupet av Nordånè er ei steinhellebru, 3 m brei og med 1 m ljosopning. Vegen held fram som ein 1,9 m brei primitivt planert attgrodd veg + grøfter..

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/179778
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=139826&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.465W, 58.494S, 7.466E, 58.495N); Lyngdal