I prosjekt med vegetasjonshistorie på Havrå vart det gjort ei sjakt 1x3 meter der profil og pollenanalyse viste fleire lag av dyrkingsspor og anna aktivitet. Sjakta var 1x3 meter men konklusjon og fagleg resultat dekker truleg heile teigen vest for tunet og er lagt inn som dette. Prosjektrapport 16 viser ein profil frå grøfta der det er fleire aktivitetslag synleg. Eldst er lag frå seinneolittisk tid, medan størst aktivitet som jordbruksområde er ødeåker frå eldre jernalder.
Rapport 16:
Kari Loe Hjelle og Peter Emil Kaland: Forhistorisk og historisk kulturlandskap i tilknyting til vernet bygningsmiljø på Havrå, Osterøy. FOK-programmet skriftserie nr 16 - Norsk Forskningsråd Program for forskning om kulturminnevern.