Uten navn

Tjæremila ligg på austsida av ei tørr høgd som ligg i retning nord-sør. Det er ei klar avlang fordjuping i bakken, om lag 2,5 m frå bakkant til opninga som vender mot aust. Nedgravinga er kring 1 m brei og 50 cm djup. Svakt synlege vollar kring nedgravinga.

Det vart grave eit prøvestikk i nedgravinga for å ta ut ei kolprøve. Prøvestikket syner eit 15 cm tjukt lag med kol (litt sandinnblanding) under torvlaget. Det er også litt ubrent trevirke i prøvestikket sin profil. Det ubrente trevirket kan vere restar etter den uthola stokken eller renna til mila. Eit 5 cm lag av raud sand (varmepåverka?) under kollaget. Under dette eit tynt utvaskingslag; lysgrå fin sand. Derunder eit om lag 20 cm tjukt lag av mørkebrun, grov sand.

Omtrentleg kartfesting; sjå registreringsrapport frå 2006.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/288577
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2654285&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.321W, 62.735S, 8.321E, 62.735N); Sunndal