Dragnes

Røysa er 14,5 m i SV-NØ og 15,5 m i VNV-ØSØ. Høgda er omlag 1 m i nord og noko mindre ovanfor. Røysa er tydeleg avgrensa i nord og nord/aust, men det er vanskeleg å sjå avgrensinga i sør/vest og vest. Røysa er tilvaksen av blåbærlyng, gras og mose. 3 høge og gamle furuer ruver rundt sentrum på røysa. Ein steingard som markerer byte mellom gardane, skjærer røysa i nord-vestre kanten. Eit lavt søkk gjeng frå sentrum og sør/vestover, parallelt med steingarden - omlag 4 m lange - på det djupaste 1/2 m og 80 cm på det breiaste. Noko stein er synleg i SV-delen og omkring steingarden. Sør/vest for røysa - vel 1 m - ligg ei lit røys (5,5 m x 5,5 m) som kan vere ei gravrøys. Denne har eit søkk midt på 1,5 m i NV-SØ og 1 m i SV-NØ, som er ca 1/2 m djupt. Steingarden går imidlertid tett inntil denne og mykje stein ligg rundt steingarden her, så det er urå å seie om røysa er eit fornminne.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6176
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=156632&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Ukjent
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.798W, 62.652S, 6.798E, 62.653N); Vestnes