Funnet vart gjort i 1945 under graving av grus i eit bakkehell på eigedomen. Museet bad finnar om å stoppe gravinga. I følgje brev frå Torleif Sjøvold, 28.mai 1945 (sjå Top.ark), så hadde ikkje museet tid til å undersøke funnstaden. Alle funna vart sendt samla i posten via lensmannen i bygda. Funna er katalogisert som B9626. Dei består av likarma bronsespennne, to ovale bronsespenner av Berdalstypen, armring av bronse, spinnehjul, diverse jernfragment og eit stykke av skiferbryne. Sjå Per Fett for meir detaljar om funna. Nokre av funna er dessutan omtalt og avbilda i bygdeboka for Naustdal, Allmennsoge, band III s. 63-64. frå 1999 utgjeven av Naustdal Sogelag. Vinteren i 2009 kom det inn opplysningar om at det føregjekk graving med gravemaskin i området. Arkeolog i fylkeskommunen reiste ut for å sjå, men kunne ikkje sjå spor etter kulturminne. På dette tidspunktet var ikkje arkeolog i fylkeskommunen klar over kvar gravfunna på garden var gjort. Området har vore dyrka og vert dyrka i dag. Det er gjort terrengendringar i området òg. Derfor er det usikkert kor mykje som ligg att av sjølve kvinnegrava. Men vi kan ikkje utelukke at det kan ligge restar etter fleire graver i området.