Lokaliteten ligg om lag midt på ei flata sør for bygningane på Steine gnr. 19 bnr. 1. Flata ligg på ei lita høgd i terrenget i eit elles stort og flatt dyrka område. Høgda tilseie at flata mest sannsynleg har vore tørrlagt når Steinsdalselva flaumar over sine bredder. Lokaliteten består av to funnførande sjakter (98 og 103) med funn av fossilt dyrkingslag i begge sjaktene. I sjakt 98 er dyrkinga tolka som einfasa, medan i sjakt 103 er det påvist fossilt dyrkingslag med inntil tre fasar. Dyrkinga er best bevart i nordleg del.
Lokaliteten er avgrensa av funntomme sjakter mot aust, sør og vest. Mot nord er den avgrensa av eit kommunalt VA-anlegg som strekker seg i vest-aust-retning over heile området. Tolkinga i felt er at arbeidet med VA-anlegget har vore inngripande i den grad at dei fossile dyrkingslaga, som ligg relativt grunt, ikkje er bevart vidare inn i dette området.