Fetts fk.nr. 30

Røyssamlinga har ei utstrekning på 20 x 15 m. Ho ligg ved foten av ei bratt skråning - i grasmark som skrånar svakt mot sjøen.Det er 6 slike røyser på staden, men mogelegvis kan det vere/ha vore fleire. Røysene måler frå 2-5 m i tverrmål og frå 0,2-0,5 m i høgd. Dei er bygd av 20-70 cm store steinar og er tilvaksne med mose og grastorv. I ei av røysene ligg ei helle, 60 x 60 x 10 cm, i dagen. Ei av dei to største røysene har eit rektangulært krater, 1,5 x 0,5 m. Dette går i O-V retning. Krateret er tilvakse med busker og gras, og i ytterkant av denne røysa står eit rogntre.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35473
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=49073&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.418W, 62.210S, 5.418E, 62.210N); Sande