Fetts fk.nr. 1

Røysa, som vert kalla Sæmingrøysi, er om lag 15 m i tverrmål og om lag 2 m høg målt i SO. I NO, O, SO, S og SV er det mura opp ein opptil 2 m høg mur, truleg for å hindre at røyssteinen sig utover bøen. Røysa er dekt av eit tynt grastorvdekke, men i S ligg mykje av steinen i dagen. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,20 - 1 m store. Røysa tykkjest noko utkasta, utan at ein direkte kan peike på krater eller sår. Mykje rydningsstein er innpåkasta, særleg i SV. Røysa er skjemd ved at ein tidlegare har kasta innpå ein del boss og skrot. Røysa er ikkje heilt klårt markert men syner særs godt i lendet.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/66408
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=70599&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.424W, 61.415S, 7.424E, 61.415N); Luster