Tunanlegg beståande av fire tufter, tre røyser og ein holveg. Dei orienterar seg om eit opent område (tunet). Anlegget ligg på ei flate øvst på ein åsrygg opp S fjellsida til Hest .Det er utsikt over Nedstrands- og Hervikfjorden, med god sikt til Stong, Toftøy og Lindøy. Ein gårdsveg kryssar V-del av lokaliteten, og forstyrrar A-del av tuft 1.
Tuft 1: Lite synleg, godt markert. D. 11 m, h. 0,3 m. Steinar syner, visar tørrmurt oppsett til grunnmur, tørrmurt med ubrote naturstein. Tufta er forstyrra av sti i A-del. A-del vis steinsetting som går SØ mot tuft 2.
Tuft 2: Dels synleg, klart markert. D. 11 m, h. 0,5 m. Overgrodd, enkelte steinar syner. 1,5-2 m breie voller rundt søkk i midten. Låg eller ingen voll N/NA-del. Tufta har steinsetting mot stor jordfast stein i A-del.
Tuft 3: Godt synleg, klart markert. D.12 m, h. 0,7 m. Tydlege vollar i NV og SA, mindre markert i NA. Breidde vollar 1,5-3 m. Voll breiast i SA-del, tolkast som utrast. Ingen stein i VSV tydar på open gavl mot tunet.
Tuft 4: Lite synleg, lite markert. Låg voll i S/SA-del. D. 13 m. Rydda flate A/SA for tuft 3. Voll av stein og jord i SA-del.
Det er og registrert 3 røyser (overgrodd og lite synlege) og ein holveg orientert NA/SV like A for tuftene.