Mjanger - Tuft

Det registrerte kulturminnet vart funne hausten 1968 i samband med dyrkingsarbeid på garden. Ragnvald J. Mjanger dreiv då og rydda ei lita flate då han kom ned på fleire brende og sotete steinar som låg i samband med ei kring 80 x 40 cm stor helle som også var brend. Område som vart dyrka, var fullt av steinar og blokker og tilvakse med bjørnebærris, men akkurat her som dei brende steinane låg, var overflata dekka av torv. Vister på overflata elles syntes ikkje, men under overflata hadde det vore som ei pakning av småstein. Det hadde heilt tydeleg vore veggmarkeringar i tufta på tre sider. Området var under registreringa i 1975 heilt oppdyrka.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/97123
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=87131&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.348W, 60.767S, 5.348E, 60.767N); Masfjorden