Bøland

Lokaliteten ligg på Bøland, om lag 2 km oppover Mittetdalen. Nedgravinga er funne like ved tunet, og på ein markert rygg i terrenget. Om lag 30 m lengre aust, i ei rotvelt like ved eit uthus, er det også funne eit lite flintavslag. Herfrå er det vidt utsyn, både mot fjorden i nord og fjella i sør. Ut frå både gardsnamnet (av norr. ból eller bœli n., fl., ‘opphaldsstad, bustad, gard’) og lokal tradisjon kan det har vore gardsbusetting i området i eldre tid, men på grunn av ras skal dette ha blitt flytta lengre fram i dalen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/231274
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3381775&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2026
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.724W, 62.687S, 7.724E, 62.687N); Rauma