Jens Kraft skildrar i 1830 synlige restar etter ein grunnmur, som etter sagnet sist skal ha vore bebudd av ei adelig frue. Murane vart fjerna ved rydningsarbeid i 1865. Murane skal då ha vore så høge at noko av glasgluggane framleis var synlige. Muringa var sterk og steinen var kantsett med den største flata ned. Muren var heilt fylt med kalk. I storleik har tufta vore om lag 5,2 m breitt og 4,6 m langt. Lengda har nok vore større, kanskje opp mot 6 m. Veggvollane er inntil 1,6 m breie. Den fremre veggen manglar og her kan døropninga ha ligge. Dei ytre måla er noko usikre men kan ha vore på rundt 7,6x8,4 m. Den store mengda stein i vollane, fordelt på ei relativt lita grunnflate kan tyde på at bygningen har hatt fleire etasjar. Over etasjen kan ha vore både i tre eller i stein. Liknande steinhus var hovudsaklig eit byfenomen i mellomalderen, men nokre er kjent frå bygdene då i tilknyting til storgardardane. Frå Ytre Oppedal i Gulen, Kvåle i Sogndal og på Ålhus i Jølster kjenner ein til andre steinhus frå mellomalderen.