Langeneset

Frå toppen av prøvesikka har me torv etterfulgt av fuktig mold. Under dette er eit brannlag. I nokre av prøvestikka er dette intakt som eit konsentrert trekollag på om lag 1 cm. Nokre stader er trekolet blanda inn i silten og grusen under. Under silt er det grus og stein før berg. Silten, grusen og steinane er forvitra grunnfjell. Det er gjort 11 prøvestikk på og rundt Langeneset. Ni av desse inneheld det aktuelle trekollaget. Prøvestikka som ikkje viser spor etter trekol er forstyyra i nyare tid.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/232595
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=677714&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.199W, 61.809S, 5.202E, 61.809N); Bremanger