Dyrkingsflate Muri

Aust for gardstunet til Muri gbnr 4/1 ligg det ei smal dyrka mark som er eigd av Valldal Høvleri gbnr 4/131. Marka ligg på botn av dalen, sør for ein bakkekant med frukttre, og mot sør og aust grensar den mot Muri Hytteutleige. Dyrkingsflata utgjer 820 m2 , og var berre synleg i vestleg del, ca. 52 meter aust for garasjebygg på gbnr 4/1. Dyrkingslaget låg ca. 1 meter djupt under eit tjukt lag med rasmasse. Dyrkingslaget vart datert til mellomalder (1150-1256 e.Kr.). Under dyrkingslaget låg det tjukke lag med elveavsetning og undergrunn bestod av raudoransje grushaldig sand.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/262810
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=1764501&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2019
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.251W, 62.298S, 7.252E, 62.299N); Fjord