Det vart opna ei 27 meter lang og tre meter brei sjakt på langs av tomta for ny driftsbygning. Sjakta ligg slik sett orientert mot nord-nordvest/sør-søraust.
Djupna på sjakta ligg jamt over på 1,5 meter.
Det vart funne eit 5 – 10 cm tjukt førhistorisk einfasa dyrkingslag i botnen av sjakta. Laget kan følgjast i sjaktas sørlege lengde, men førekjem noko meir sporadisk i den nordlege langsida. Laget ligg 1,2-1,3 meter med finare ras masser. Laget er C14 datert til overgangen høgmellomalder/seinmellomalder
Ras massane inneheld ein del mindre stein men og finare sand/silt masser noko som kan tyde på at det er enden av eit stein/sørpe ras som har dekt den opphavlege dyrkingsflata. Storparten av steinmassane er deponert høgare opp i terrenget og utgjer areala for dei to freda ryddingsrøyslokalitetane.