Røyrvik - Stemme 1 / Røyrvik - Stemme med kanal

Beskrivelse fra lokalitet: Stemme. Solid oppmura damanlegg med utgraven kanal som går heilt ned til sjøen i Torkelsvika der det ser ut til å ha vore ei tuft, mest truleg eit kvernhus. Ingen kan i dag hugsa at bruken av anlegget har vore omsnakka, men truleg skriv det seg frå tida etter 1750. Dammen vart brukt til å skeisa på før den vart gjennomgraven i nyare tid. Det skal visstnok vera ei stemme til i området.

Beskrivelse fra Enkeltminne: Stemma strekkjer seg i ein boge om lag 35 meter over søkket som bekken renn gjennom. Høgda er om lag 1,5 meter - 2 meter på det meste og breidda på muren varierer noko, men for det meste ligg den på 2-3 meter. Frå skogsveg og ned til og med dammen er det i nyare tid (10-20 år sidan) grave grøft for å drenere. Dammen er såleis broten i dag. Frå dammen går det delvis mura og graven kanal heilt ned til sjøen (130-140 meter) der det viser restar etter grunnmur, truleg for kvernhus. I fylgje grunneigar på bnr. 3, Lars Jostein Røyrvik, så flytte ein kar ned frå Fosse i Trandebarm og tok opp garden i 1749, så truleg skulle då stemma vera yngre enn det, sjølv om ingen kunne hugsa at bruken av den nokon gong hadde vore omtala. Det skal også vera ei stemme til i området.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/218758
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=157664&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.706W, 59.858S, 5.707E, 59.859N); Kvinnherad