Køyreveg bygd 1862-1865, i bruk til 1923. Vegen var bygdeveg (= kommuneveg) då han var i bruk. Han er ikkje formelt nedlagd og høyrer dermed til kommunen. Vegen blei vald som Sirdal kommune sitt kulturminne i kulturminneåret 1997 og blei sett i stand som turveg. Rekna frå sør, kjem ein etter 270 m til ein sideveg til eit brukar etter den private skotlagsbrua over til Dorga. Vegen går langsmed den bratte Røddaliè og har stabbestein på mesteparten av strekninga, og han var svært utsett for snøras og mest ikkje til å koma fram på om vinteren. Han er 2,3 m brei. Det nordlegaste av vegen er øydelagt av eit nydyrkingsfelt, og ferjestaden ligg øydelagd av ein elveførebyggjingsmur. Nydyrkingsfeltet har tilgjenge over ein terskelstem til Handeland, og turistar kan au gå over terskelstemmen..