Røysa består av rullestein og er den einaste samlinga av rullestein i området. Den ligg på ein høgde og strekkjer seg mot S. Dette kan vere ei utrasing. Røysa er avgrensa av svaberg i N og A og av eit lite skar i V. Diameteren i N/S retning er på 7,2 m og 6,6 m i A/V retning, medan høgda er på 0,5 m. Ei svak grop ligg på toppen av haugen medan ei mindre grop ligg i røysas sørlige kant. Frå røysa har ein ca 300 graders utsikt ned mot sjøen frå Sildagapet i NV til Hovsundet i A og i S. Det er og ei fri siktslinje frå røysa til innmarka på Nordbø.
Tilstandsregistrert 13.02.2025. Det blei då oppdaga at røysa låg feilplassert i kartet. Geometrien er no oppdatert med hjelp av lidar.