Gropesteinen Fetts fk.nr N 3 ligg om lag 40 m NV for selet til Arnstein Sandvik (det nordvestlegaste selet på vollen), i kanten på ein noko utydeleg sti. Steinen er om lag 1,35 x 0,75 m stor og om lag 0,3 m høg mot SO. Han er noko forvitra. Vi kunne telje 35 sikre groper. Her er tidlegare registrert 41 groper. Gropene er 2-8 cm i tvm. og 0,5-4 cm djupe. Gropene er spreidde over heile steinen. Dei er tydlegast i søre halvdel av steinen. M.a. er her ei svært tydeleg grop heilt i søre hjørnet, og om lag 25 cm NNO for denne ligg 4 groper i ein firkant på kring 0,15 x 0,13 m. Heilt i nordaustre kant av steinen er ei anna grop som er svært tydeleg.
Fetts fk.nr. N 2 ligg om lag 25 m NO for N 3 på eit sva om lag 3 m SSV for den midterste av dei 3 bekkene som renn over stølsvollen. Svaet ligg i kanten av ein naturleg, tilnærma rund haug. Den delen av svaet som stikk i dagen, måler 0,9 x 0,25 m, er orientert N-S og hallar lett mot N. På den sørlege delen av dette svaet ligg det 4 groper på rekkje innan eit 33 cm langt område, kring 8-10 cm innanfor kanten av svaet. Gropene er om lag 4-5 cm i tvm. og 0,5-3 cm djupe.
Gropeberget Fetts fk.nr. N 1 ligg om lag 20 m N for N 2, på den andre sida av bekken, om lag 10 m NNO for denne, og i ein bratt sørvendt bakke. Berget er 1,6 x 0,4 m stort, orientert O-V. Det er mykje forvitra og mosegrodd. Her er 15 sikre groper. Dei fleste i vestre del av berget. Heilt i vestre kant ligg 4 groper på ei 0,3 m lang line, orientert NV-SO. Om lag 10 cm SV for denne lina ligg ei einsleg grop. Om lag 20 cm O for den første lina går det ei 20 cm lang line med 3 groper O-V. 5 cm N for denne lina ligg ei einsleg grop. Kring 10 cm N for lina med 3 groper, går ei ny line, 20 cm lang, med 3 groper. Kring 10 cm SO for den siste lina, ligg ei einsleg grop. I austre del av berget ligg 2 groper på line O-V, med avstand 18 cm. Gropene er 2-5 cm i tvm. og 0,5-3 cm djupe.
Gropeberget Fetts fk.nr. N 4 ligg om lag 40 m VNV for selet til Arnstein Sandvik. På staden er eit nedrive sel. Her stikk det berg i dagen innan eit 7 x 4 m vidt område. Flata som gropene ligg på, ligg heilt i nordaustre hjørnet av dette området, på eit sva som ligg 20-25 cm høgare enn resten av bergflata. Svaet er kring 2,3 x 0,8 m vidt, orientert om lag VNV-OSO. Her er 3 sikre groper. 2 av dei ligg på line i orienteringsretninga til svaet, nær det austsøraustre hjørnet av dette, og om lag 18 cm rett inn for kanten. Om lag 5 cm nærare kanten ligg den tredje gropa. Gropene er om lag 6-10 cm i tvm. og 3-5,5 cm djupe.
Ein nyregistrert gropestein (Gropestein nr. 5) ligg om lag 20 m VNV for N 1, på andre sida av bekken tett ved denne, der han fell på det brattaste. Her er det svaberg og rett SO for gropesteinen eit lite grasvakse nes som stikk ut i bekken. Gropesteinen er om lag 0,75 x 0,80 m vid. Han er heilt flat og hallar mot SO. Her er 5 groper. 3 av dei ligg på ei om lag 0,45 m lang line langs øvre (nordvestre) kant. Om lag 20 cm ned mot SOligg det 2 groper på ei NO-SV gåande line, med 20 cm mellomrom. Gropene er om lag 2,5-5 cm i tvm. og 0,5-2 cm djupe.
Endå ein nyregistrert gropestein (Gropestein nr. 6) ligg om lag 30 m NNV for nr. 5 på same side av bekken, men godt inne på flata ovanfor den bratte hallinga. Bekken gjer her ein markert, rund sving mot SV. Gropesteinen ligg rett nedanfor denne svingen, og stikk noko ut i bekken. Steinen er om lag 1,5 x 1,5 m vid. Han er noko mosegrodd og lyngvaksen. Langs steinen går det ein rygg i retning O-V. Langs denne ryggen er det minst 25 sikre groper, 1-5 cm i tvm. og 0,5-3 cm djupe.