Fetts fk.nr. 5 Vatnadalsteigen

Gropesteinen er 15 x 4 m vid, orientert O-V. Steinen er omlag 4 m høg. Nedre enden er skadd av sprenging. Omlag 1 m er borte iflg. Per Fett.Eit par meter frå øvre enden ligg 17 groper, 5-8 cm store og 1-4 cm djupe.Alle 17 gropene vart funne under moselag. Der var og nokre usikre. Gropenen var samla ved høgste punktet på steinen og vende mot S til SV. Steinen er av fylitt. Gropene er samla innafor eit område på 1 m x 3/4 m, men dei danner ikkje noko tydeleg mønster. Ingen groper tangerer eller skjer kvarandre. Gropene liggjer ikkje nærmare kvarandre enn 4-5 cm, og ingen står på skrånande berg. Ingen har spor av polering eller prikkhogging. Dei er alle flisete inni. Gropene ligg alle minst 15 cm frå kanten av steinen. Det fins ikkje groper i den enden av steinen som vender ned mot bygda, sjølv om det er egna flater. Midtpartiet på steinen som er sterkt overgrodd av mose og verkar mykje ujamnt, er ikkje undersøkt.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/45591
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=57854&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.594W, 61.082S, 6.594E, 61.082N); Vik