Samlinga måler om lag 35 x 25 m, orientert N-S.
Gravhaugen fk.nr. 3/2 er 7-8 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg. I sentrum av haugen er eit om lag 2 m langt og 1 m breitt søkk, orientert N-S. Søkket er om lag 0,2 m djupt. I søkket kan ein kjenne einskilde steinar/blokker, nokre av desse er truleg heller, trass i at dei er mykje tilgrodde. I nordaustre kant av haugen stikk berget i dagen. Haugen er tilvaksen med grastorv, mose og lauvtre. Haugen er heller uklårt markert, men syner heller godt i lendet.
Gravhaugen fk.nr. 3/1 ligg om lag 7 m NNO for fk.nr. 3/2. Haugen er om lag 9 m i tverrmål og godt 0,5 m høg. I sentrum av haugen ligg ei open hellekiste, kring 2 x 1 m vid, orientert NNV-SSO. Djupna er kring 0,5 m. Ei kring 1,5 x 0,7 m stor helle ligg no på tvers av lengderetninga på kista. Både VNV og NNO for sjølve kista ligg det heller i dagen, begge godt meteren lange. Haugen er tilvaksen med grastorv, mose og lauvtre. Han er klårt markert og syner godt i lendet.
Gravhaugen fk.nr. 3/3 ligg tett NV for fk.nr. 3/1. Haugen er kring 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. I NV er eit heller grunt søkk, om lag 2,5 x 1 m vidt, orientert NV-SO. Haugen er tilvaksen med grastorv, mose og nokre lauvtre. Haugen er uklårt markert, men syner heller godt i lendet.
Gravhaugen fk.nr. 3/4 ligg godt 1 m NO for fk.nr. 3/1. Haugen er 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. I sentrum ligg to steinblokker, tilvaksne med mose. Haugen er tilgrodd med grastorv og mose og nokre lauvtre. Tett ved austre kant står ei stor furu.