Dyrkingsrest funne mellom 15 og 16 m.o.h. Består av eitt dyrkingslag som var om lag 8 cm tjukt.
Lokaliteten dekker 51 m2, og ligg mellom 15 og 16 m.o.h. Avdekka areal er om lag 9 m2. Lokaliteten ligg midt i den graskledde bakken nordaust i planområdet, noko inn mot nordsida, og består av eit dyrkingslag som var 8-10 cm tjukt. Dyrkingslaget vart først påvist i store delar av sjakt 3, og deretter avgrensa med PSD 10-12 og PS 15.
Lokaliteten er topografisk avgrensa i nord mot ei bratt skråning. I søraust og aust er den avgrensa av funntomt område i sjakt 3 og PS 19. Lokaliteten er avgrensa av PS 15 og PSD 10 i vest og nordvest og av PSD 11 og sjakt 4 i sør.
Det vart tatt ut to dateringsprøver frå lokaliteten. Ein av desse (VP 1 tatt ut frå profil 1 i sjakt 3) vart send inn til datering. VP 1 (Beta-nr. 468113) vart datert til overgangen mellom romertid og folkevandringstid (BP 1700 ±30, kal. AD 313-406 og AD 253-304). I sjakt 4 og 5 like sør og søraust for lokaliteten vart det etter attfylling påvist noko slått flint, kvarts, kvartsitt og eit lite fragment av brent bein. Det er uklart kva kontekst desse funna har,
men dette materialet er truleg eldre enn dyrkingslaget som er grunnlaget for denne lokaliteten.