Området består av dyrka mark rett vest for Stordal kyrkje. Fremste del av marka er ei flat høgde med godt utsyn over sentrum i bygda og fjorden. Området ligg 20 moh og har tidlegare hatt ei nærare tilknyting til sjøen. Jordsmonnet er lettdrevet og sjølvdrenerande. I nærområdet ved kyrkja skal det tidlegare ha loge fleire gravrøyser som no er borte.
Det blei funne fire kokegroper i området i samband med arkeologisk registrering. Sørvestleg del av marka er ikkje undersøkt. Potensialet er høgt for fleire funn her.