Neire Kviplassen (Nedre Kviplassen)

Husmannsplass frå 1751 til 1869. Driftelege frå 1869 til 1904. Krøterdrifter frå Setesdal blei legegjette her fram til 1894 og slakta i Kristiansand og Arendal. Krøterdrifter frå/til Jæren blei legegjette her i 1895-1904. Bygningane på husmannsplassen stod i ei lån på 33,5 x 5 m og med eit 4 m langt tilbygg midt på baksida. Stokkerestar viste at låna var stokkebygd (laftebygd). Frå låna og vestover førte det ein buveg. Det ser likevel ut til at setehuset var vestre delen av låna, at det hadde jordgolv, og at der var are og ljore (ikkje pipe). Ei hytte bygd i reisverk på 3,6 x 3,5 m stod ennå i 1964 rundt 4 m framføre låna. Alle murane oppmålte i 1964 av Jo Bleken-Nilssen, men dei har stått under vatn sidan 1968. Resten av innmarka dannar ein bratt trekant full av små dyrkingsrøyser.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/220204
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=148151&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.077W, 58.869S, 7.086E, 58.873N); Bygland