Storåkeren, Tellevik

Lokalitet frå jernalderen og mellomalderen, med fleirfasa kulturlag (truleg dyrking), samt ein kokegrop og ein mogleg grop, påvist i åtte sjakter.

Lokaliteten har eit areal på 4116 m2, og ligg 15-22 moh. på "Storåkeren" på garden Tellevik. Terrenget fell slakt mot NV, med tiltakende stigning heilt i SA, der det går ein brattare bakke opp mot tunet. Lokaliteten er avgrensa av negative sjakter i N, V og SV., ein bratt skråning i A, og negative sjakter og prøvestikk (matjord på berg) i bratta opp mot tunet.

Det er gjort åtte radiokarbondateringar av dykringslaga. Resultata strekk seg frå romertida, eller sein førromersk jarnalder, til tidleg- eller høgmiddelalder, og inkluderer både folkevandringstida, merovingertida og vikingtida. Eit lag (med liten ustrekking) frå botnen av ei sjakt er datert til mellomneolitikum (ev. seinneolitikum), men det er uklart kva dette laget representerer (det vart ikkje gjort funn av littisk materiale i sjakta, men heller ikkje prøvestukke nett der).

Stratigrafien på lokaliten varierar. Dyrkingslaga har opp til synlege fasar, men heng ikkje i hop over heile lokaliteten. Dateringane viser også ein viss tendens til at prøver samla inn lengst sør og aust på lokaliteten har gjeve eldre dateringar enn laga i nord.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/336476
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3329739&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2025
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.290W, 60.515S, 5.291E, 60.516N); Bergen