Løhaugen - Fetts fk. 2/2

Fetts funnkartet 2. "Løhaugen" ligg 30 m O for 1, men det er knapt att nokon kunstig haug, berre kulen han låg på. Utgraven 1881 (A. Lorange), han hadde då vore overdyrka. Han var 13 m i tvm., bygd av tørr røys utan jordblanding, med tjukt torvdekke. Midt under røysa var eit trinn N-S i fjellgrunnen, tett dekt av ti heller, men inga grav under. Grav 1 låg midt mellom midten og nordaustre kant, var noggrant bygd av kantsette flate steinar, 45 cm i firkant. Botnen var fjell, taket ei helle. Der fanst B3856, leirkrukke full av brende bein o. a. sett halvt ned i fin, svart mold. Grav 2 var i søraustre del, bygd av småheller mest som eit rundt hol på 65 cm tvm., hellegolv og helledekke. Grava var 75 cm djup og fylt med fin, svart mold. På botnhella låg tre små flate steinar, og på desse stod B3855, trespann med brende bein o. a. Beina hadde vore pakka i ulltøy eller filt og spannet i never. B3856 - Eja. branngrav frå fk. nr. 2/2 grav 1. Her er stor leirkrukke, brende bein, glas, beinterning og -spelbrikke, beinnål, beinskei, bronseband og bjørneklør. B 3855 - Eja. branngrav frå fk. nr. 2/2 grav 2. Her er trespann med bronsebeslag, brent bein, beinkam, bronsepinsett, beinterning og -spelbrikker, smelta glas, betalingsgull, bjørneklør.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/325030
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3104540&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.683W, 59.718S, 5.683E, 59.719N); Kvinnherad