Lok. 86 på E39 Stord-Os (Hordfast)
Lok 86 består av busetnadsspor frå steinalder, lokaliteten kan truleg daterast til Tidlegneolitikum/ mellomneolitikum. Dateringa er basert på lokalitetens plassering i forhold til estimert strandlinje og funntypologi.
Lokaliteten ligger ca. 12-13 moh. og dekk ca. 119 m2. Lokaliteten ligg på ei opphøgd flate like over ei myr i aust søraust. Det er bratt berg vest og sørvest for flata. i nordaust er det ei mindre forhøgning i bakkant av flata.
Ut forbi flata fell terrenget bratt ned mot myra. Sjølve flata skrår slakt mot søraust.
Lokaliteten består av 4 funnførande prøvestikk og til saman 30 funn. Det er gjort funn av 25 avslag, ein endeskrapar, eit flekkeliknande avslag, ei hengsla flekke, ein sylindrisk kjerne og ein tangespiss av A-typen. 7 av funna er i flint, 11 i kvarts og 12 er i rhyolitt.