Lokalitet registrert ved maskinell sjakting i samband med detaljregulering for Nes gard.
Lokaliteten ligg i innmark, heilt vest i planområdet. Terrenget er svakt hellande nedover mot aust-søraust. Lokaliteten ligg på eigedomen gnr. 72, bnr. 2, mellom høgdekotane 63-71 meter over havet. Den er eit aktivitetsområde frå yngre bronsealder-førromersk jarnalder og romartid. Den består av tre funnførande sjakter (sj5, sj6 og sj11). Lokaliteten er avgrensa av negative sjakter mot nordaust, aust og sør (sjakt 4, 7, 9, 10 og nordleg del av sj1). Mot nordvest og vest er lokaliteten avgrensa av terrenget og plangrensa. Tjukkelsen på matjord er på rundt 60-70 cm i alle dei funnførande sjaktene. Dei avgrensande negative sjaktene er mykje grunnare, med maks 30 cm med matjord ned på berg og forvitra berg. Lokaliteten består av 7 strukturar, derav 4 kokegroper, ein eldstad, dyrkingslag og uspesifisert struktur.