Lokaliteten ligg på gbnr. 496/5 og 6, og på mellom 16 og 22 meter over havet. Området er innmark og terrenget er slak hellande nedover mot aust og Førdefjorden. Den definerast av ei funnførande sjakt og avgrensa av plangrensa mot vest, og negative sjakter mot nord, aust og sør. I den funnførande sjakta (sjakt 25) er det massive dyrkingslag. Sjakta er 220 cm djup og mellom 52 og 220 cm djupne er det dyrkingslag. Massane i dei negative sjaktene rundt opptrer heilt ulikt til den funnførande sjakta, som er mykje djupare enn dei negative sjaktene.