Uten navn

Dyrkingsflate registrert ved maskinell sjakting i samband med detaljregulering for fv. Høyheimsvik-Nes. Var registrert av Vestland fylkeskommune i april 2024.

På gbnr. 72/1 ligg lokalitet 5, id. 319354, som er ein dyrkingslokalitet frå seinmellomalder. Lokaliteten ligg i eit svakt skrånande terreng, der det skrår seg frå aust og ned mot vest. Den ligg på om lag 14-16 moh.

Det er to funnførande sjakter innanfor lokaliteten, sjaktene 3.13 og 3.14. Dyrkingslaga er påvist i nordleg del av sjakt 3.13 og sørleg del av sjakt 3.14, som gjer at dei funnlause delane av sjaktene er avgrensande mot nord og sør. I vest er det ein bratt bakkemur der fylkesvegen ligg oppå, og i aust er dei negative sjaktene 3.12 og 3.15 avgrensande. Det går eit nedgrave betongrøyr mellom 3.13 og 3.14. Dette er synleg i dagen i vestleg ende av røyret, for der renn vatnet frå røyret og ut i opa grov.

Sjakt 3.13 er sørlegaste sjakta i lokalitet 5, og går relativt nord-sør. Den er 15 m lang, om lag 3,5 m brei og mellom 10 og 50 cm djup. Undergrunnen i austleg del er berg, medan det elles er laus, beige silt med mykje stein.

Vestleg profilvegg vart dokumentert, i nordlegast del. Der er profilveggen 55 cm høg, og stratigrafien er følgjande: L1 0-19 cm torv og brun, siltig matjord L2 19-34 cm brun til lysebrun, svakt trekolspetta sandhaldig silt (DL) L3 34-51 cm gråbrun, trekolhaldig sandhaldig silt (DL) L4 51-55 cm beige silt med mykje småstein i (undergrunnen) L3 er tolka for å vere eit førhistorisk dyrkingslag. L2 har noko trekol i seg, men det er lite. Dette er tolka for å vere eit mogleg dyrkingslag, eventuelt eit overgangslag til dyrkingslag L3.

Det vart sendt inn ei dateringsprøve frå nedste delen av L3 (319354VP79). Dette resulterte i ei datering til seinmellomalder (Betanr. 696133: 1404-1452 cal.AD/490 +/- 30BP9).

Sjakt 3.14 er nordlegaste sjakta i lokaliteten, og dyrkingslaga er i sørlegaste del av denne sjakta. Sjakta er 19,80 m lang, 4 m brei og 20-60 cm djup. Undergrunnen er lys, gråblå og beige silt, med mykje stein i. Under graving, dukka det særleg opp mykje raud tegl i sørleg del av sjakta. Det er påvist eit einfasa dyrkingslag i sørleg del av sjakt 3.14.

I sjakt 3.14, vart austleg profilvegg dokumentert, i sørleg del av sjakta. Profilveggen der er 60 cm høg, og stratigrafien er som følgjer: L1 0-9 cm torv L2 9-27 cm brun til lysebrun, siltig matjord med noko tegl i L3 27-36 cm brun, kompakt, trekolspetta silt (DL) L4 36-52 cm brungrå silt med mykje småstein i (DL) L5 52-60 cm lys, beige og grå silt med mykje småstein i (undergrunnen) I sjakt 3.14 er det påvist to dyrkingslag, L3 og L4.

Rapport frå den arkeologiske registreringa ligg på id. 319348.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/319354
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3025186&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.369W, 61.389S, 7.369E, 61.390N); Luster