Basert på gamle kart frå krigen, Lidar og synfaring vart det registert rundt 20 krigsminne på Alnestrøen gnr. 68 og 90.
På storparten av furumoa er det restar etter militære anlegg frå 2. verdskrig.
Området inneheld bunkersar, skyttargraver, restar av hol etter gjerdestolpar, diverse vegar og stigar av varierande alder.
Det har vore minst tjue bunkersar nedgrave i bakken. Dei var spreidde på eigedommane til Brita Sæther, Gabriel Støve og Nils Ove Lyngheim.Det var minst 6 på eigedommen til N.O. Lyngheim og minst 14 til saman på eigedommane til B. Sæther og G. Støve. No er det att berre 2-3 bunkersar, men vollrestane etter fleire er der enno. Mange er likevel fylt igjen og jamna ut.
Det har vore fleire skyttargraver enn bunkersar i området, men mange av desse er også fylt igjen. Dei var ca 1m djupe og hadde eit areal på ca. 2 kvadratmeter. Fleire av dei låg i eller på terrassebrinken som ligg nærast dalen i vest, men ein finn også skyttargraver oppe på moa, på eigedommane til B. Sæther, G. Støve og N.O. Området med skyttargravene strekker seg heilt frå Marsteinsgrenda og fram til Kors kyrkje. Det ligg nokre like nordvest for kyrkja oppe på den lågaste terrassehøgda.
Fleire stader på moa er det restar etter om lag 40x35 cm store hol, som er ganske djupe. Desse ligg etter kvarandre og dannar ei rekke. Det er hola etter gjerdestolpane som danna eit 2 m høgt piggtrådgjerde som omkransa militæranlegget. Stolpane stod med ca. 3 m mellomrom.
I tillegg er det ein god del vegar som går på kryss og tvers over moa. Heile moa er i dag eit av dei mest nytta friluftsområda i dalen. Det er laga ei lysløype som delvis følgjer pukkvegane på moa og delvis den gamle ridestien.
Pukkvegane har fått namnet sitt etter måten dei vart laga på. Dei vart laga av polske og russiske krigsfangar under krigen og hadde som føremål å knyte ulike delar av militæranlegget saman. Fangane vart sett til å slå sund stein til pukk, og så vart pukken lagt ned på dei stiane som allereie var der, eller på overflata for å lage ein ny veg med eit fastare dekke.
Over furumoa gjekk også den gamle kjerrevegen eller allfarvegen, men mesteparten forsvann truleg under krigsåra med all militæraktiviteten på staden. Ein liten rest stikk fram i nordvestre del av moa. Det er ein liten vegstubb, omlag 2 m brei, som er lagt opp i den brattaste delen vest i skråninga. Her dannar vegen nesten ei låvebruform ned mot våtare og lågare lende fram mot Medalen skule. Denne vegen er synleg om lag 10 m.
På moa og området nærast moa vart det under 2. verdskrig oppført ei rekkje bygningar som no er fjerna. Nedst i terrassekanten, like nord for bedehuset, låg det tidlegare ei latrine med plass til 12 personar på ein gong. Bedehuset vart nytta til å lage mat i. Rett ved sida av stod ei brakke som no er riven. I nærleiken var det også ei badstu. Lagerhus har det også vore her.
Heile militæranlegget ligg oppe på Trøanmoa. Det er ein av dei få furutremoane som står att i dalen. Moa er ein sandterrasse som er dekt av furutre, lauvtre, gras- og skogsvegetasjon. Området er småkupert. I øvre kant av moa mot Mongejura ligg det ein heil del stein frå ulike ras. Det er til dels store kampesteinsblokker. Moa strekk seg frå Medalen skule i nord til Kors kyrkje og Ytter-Monge i sør.