Braadland skanse

På denne staden var det harde kampar i januar 1660. Fredriksten festning var ikkje påbyrja då. Forsvarsverka rundt Halden var omfattande, men enkle. Dei besto hovudsakleg av lause steinmurar og trepalisadar. 14. januar gjekk svenske styrker til åtak på Brådland skanse med voldsom kraft. 5 stormåtak vart slege attende, men ved det sjette åtaket braut svenskane gjennom og erobra høgda. Skansen vart seinare same dag gjenerobra. Svenskane ga opp felttoget etter 6 vekers kringsetting. Dei oppreiste steinane langs Normandstien markerer der forsvarslinja gjekk i 1660.

2016: Arkeologar frå ØFK målte inn skansen med CPOS. Utgangspunktet er markeringssteinane.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/220133
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=200512&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Østfold fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (11.396W, 59.117S, 11.397E, 59.119N); Halden