Nordbø

Lokaliteten består av steinstrenger i tilknyting til vatnet. Det består av to parallelle steinstrenger, med ca 11 meters mellomrom, som fører ned mot sjøen mot vest. Den nordlegaste av desse knekkjer 90 grader mot nord. Steinane er ganske flate på toppen, og ca 0,5-1 meter i diameter. Det naturlege hadde vore å tolke det som eit båtstø, men mellom dei parallelle steinstrengene og sjøen ligg ein bergknaus i vegen. Bergknausen ser ut til å gå høgare enn steinstrengene. Sørvest for steinstrengene ligg ei rullesteinstrand, som er omkransa av store steinar i bakkant, slik at stranda blir halvsirkelforma. Denne har truleg ikkje samanheng med steinstrengene.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/141381
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=119702&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2011
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.320W, 62.052S, 5.321E, 62.052N); Stad