Lokalitet Sanda

Lokalitet påvist ved maskinell sjakting på gbnr. 175/5. Det vart opna to funnførande sjakter to funnførande sjakter innanfor denne lokaliteten, der det dukka opp fleire strukturar. I austleg ende vart det opna ei sjakt der det dukka opp noko dyrkingslag som var svært prega av elva. Funnlause sjakter i nord. I vestleg ende vart det opna ei sjakt med funn av ei enkeltståande kokegrop.

På neset i sør vart det opna ei sjakt som gjekk nordover innover på den dyrka marka - denne sjakta skil seg ut. I denne dukkar det opp ei båtgrav, kokegroper, ein struktur som truleg er ei fotgrøft, fleire groper/nedgravingar - der nokre av desse truleg kan vere flatmarksgraver. Ein del av båtgrava vart avdekka, men framleis er noko av den ikkje opna opp i dagen. I båtgrava vart det gjort funn av fragment av humant kranium og fleire båtnaglar.

Båtgrava og dei to kokegropene ligg innanfor strukturen som kan vere ei båtgrav, og desse tre ligg ytst på neset. Grunneigar og naboar har informert om at når elva Gaula flaumar over, ligg ytste neset alltid tørr - truleg har det vore ein gravhaug der som har ruva som ei øy når elva har vore stor. Med litt mindre flaumar, vert det ein sti i vest, slik at ein også då kan gå ut på neset.

Det vart sendt inn tre dateringsprøver i etterkant av den arkeologiske registreringa. Den eine kokegropa og fotgrøfta vart datert til vikingtid, medan ein av strukturane utanfor fotgrøfta vart datert til overgongen frå romartid til folkevandringstid.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298587
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2831188&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.787W, 61.325S, 5.789E, 61.326N); Sunnfjord