Gropesteinen R 3 ligg kring 100 m NO for gropesteinen R 2. Han måler om lag 6 x 3,7 m orientert N-S, er opptil 2,3 m høg, og noko tilgrodd med mose. Han er høgst om lag på midten, og herfrå hallar han mot N og S. Langs nordvestre kant av steinen innan eit 1,8 x 0,4 m stort område, er det 19 groper. Dei er 2-10 cm vide. Den djupaste gropa er kring 4 cm djup, medan nokre er heilt grunne. Innanfor eit 0,7 x 0,6 m stort område ved austre kant av steinen og like N for det høgste punktet, er det 10 groper.Gropene er 3,5-8 cm i tverrmål og opptil 3 cm djupe. Ei av gropene er heilt grunn. På ein liten avsats ved vestre kant og kring 0,75 m S for høgste punktet på steinen er det to groper med 34 cm mellomrom. Dei er 3 og 4 cm vide og 1 og 1,5 cm djupe. Sørlege del av steinen er flat og lett runda. Innanfor eit 1,15 x 1 m stort område på vestre halvdel av flata, er det fem groper. Gropene er 3-6 cm i tverrmål og 1-2 cm djupe.