Hole lok 4: Dyrkingslaget ligg i ein bakke som heller sterkt frå nord mot sør, 342 m.o.h. Området er ei moderne dyrkingsmark. Storleika på kulturminne er 45,4 m2 og totalt areal med sikringssone er 288,5 m2.
Synleg i Sjakt J og K. mørk brun finkorna sand, om lag 15 cm tjukt. Rikeleg med kol i jordprøven.
Det var teken ut ei kolprøve frå dyrkingslaget. Kolet frå sjakt J låg på om lag 60-75 cm djupne og vart sålda fram med sil under vask. Kolet vart sendt inn for C14 datering og vart datert til 2140 +/- 30 BP (Beta-526971). Kalibrert datering er 213-88 BC, det vil seie jernalder, nærare bestemt førromersk jernalder.