Lokalitet på om lag 2.4 daa, definert og avgrensa basert på litiske funn og påvist kulturlag i manuelle prøvestikk. I alt er det 12 positive og 2 negative prøvestikk innanfor lokalitetsavgrensinga. Det vart gjort 107 litiske funn. Lokaliteten ligg på slåtte/beitemark. Mot nordaust og sørvest er avgrensinga definert på bakgrunn av negative prøvestikk, medan lokaliteten mot nordvest og søraust er naturleg avgrensa av bergknausar, med berg i dagen. Lokaliteten ligg godt skjerma, frampå ein brink i landskapet – mot nordaust hallar terrenget nokso bratt ned mot ei bukt i sjøen, medan terrenget mot sør og vest stig slakt. Kulturlag vart ikkje påvist på heile lokalitetsflata - det verkar vere konsentrert og av størst mektigheit på nordvestre del av lokalitetsflata, inn mot berget her.
To kolprøver, frå to ulike prøvestikk, vart analysert og båe indikerer datering til Mellomneolitikum (MNb). Denne dateringa stemmer òg godt med strandforskyvingsdiagram for området, som i den aktuelle perioden låg ein sju-åtte meter over dagens.
Lokaliteten ligg på innmark/beitemark tilhøyrande gbnr. 3/3 på Indre Harøy i Hustadvika kommune. Lokaliteten omfattar areal på båe sider av vegen mellom nausta på Naustneset og tunet tilhøyrande gbnr. 3/2. 140m nordaust for tunet, og 95m vest-sørvest for nausta. Lokaliteten ligg på ein naturleg knekk i landskapet, 40m med nokså bratt stigning sør-sørvest frå fjøra i bukta på vestsida av Naustneset.
Stratigrafien på lokaliteten er noko variabel. Kulturlag vart berre påvist på delar av flata, mest på den nordlege delen, inn mot berget. Kulturlaget ligg under eit 15-30cm tjukt matjordslag, som varierer noko i farge og samansetning, frå rødbrun til gråbrun, og frå siltig til sandig. Påviste førekomstar av kulturlag varierer i prøvestikka frå 5-35cm tjuknad. Undergrunnen varierer mykje med tanke på mengde stein, men består av raudbrun grus og sand mellom steinar. I dei stikka kor vi klarte å grave djupt nok, kom vi ned på lys gråblå silt/leir, frå omlag 70cm djupne.
Det føreligg to radiologiske dateringsresultat frå lokaliteten, båe er gjort på hasselnøtteskal og båe indikerer datering til mellomnesolittisk tid – MNb:
KP32020EK – BETA – 581583. 4020 +/-30 BP. MNb
50 kolfragment vart treartsbestemt. Av desse var 38 bjerk (Betula), 2 hassel (Corylus)-nøtteskal, 1 rogn (Sorbus) og 9 furu (Pinus). C14-analyse på brent hasselnøtteskall indikerer datering til mellomneolittisk tid.
KP42020EK – BETA – 581584. 3970 +/- 30 BP. MNb
20 kolfragment vart treartsbestemt. Av desse var 9 bjerk (Betula), 3 hassel (Corylus)-nøtteskall, og 8 furu (Pinus). C14-analyse på brent hasselnøtteskall indikerer datering til mellomneolittisk tid.
Kulturminnet verker vere godt bevart, og er truleg ikkje påverka utover det som kan forventast når ein lokalitet som ligg på oppdyrka innmark. Andre plassar på øya har det blitt henta ut torv, men truleg ikkje på området som lokaliteten omfattar.
Basert på innhenta opplysningar om funn av flint, var det oppretta ein uavklart lokalitet, ID 159916-1, på området frå tidlegare. Det blir rekna som sannsynleg at desse opplysningane heng saman med den ovanfor beskrivne lokaliteten. Den tidlegare registrerte lokaliteten blir liggande inne i Askeladden for å bevare lokalitet ID, då denne er nytta i sakshandsaminga. Men statusen blir endra til ikkje freda, med tilvising til den føreliggjande lokaliteten.