Seljestad - A:58

Storleiken på sjølve jernvinna er problematisk å stadfeste, av di me ikkje har synlege spor på overflata. Men ut frå plassering og slaggforekomst vil eg tru at den er i underkant av 1 x 1 meter. Ein liten firkant (PS 1, 50 x 50 cm) vart opna og avslørte den V delen av jernvinna. Der var ei liggjande helle, trekol og slagg med trekol i. Ut frå normal plassering av jernvinner, dvs frampå kantar av flater med skrånande avrenning for slagget, ser eg det difor ikkje naudsynt å gjere vidare inngrep i ein registreringssituasjon for å stadfeste storleiken på jernvinna. Dateringsprøve frå PS 1 vart teke ut. Slagghaugen er ca 8 x 4 meter og rundoval i forma. Det vart teke ein del små prøvestikk for å avgrense slagghaugen. Eit prøvestikk (PS 2) vart teke for å avgjere tjukna på slagghaugen, som viste seg å vera opp til 10 cm. Men slitasje pga trakk og traktoraktivitet må takast med i vurderinga, så tjukna har truleg vore større. Jernvinneanlegget må sjåast i samanheng med det andre jernvinneanlegget (A:5) og dei 8 - 9 kolgropene (A:1, A:2, A:4, A:7, A:8, A:10, A:59, A:60 og kanskje A:12) som er situert i same, til dels avgrensa området V for Hesjabakkmyrane. Det kan òg dreia seg om ulike driftsfasar.

Utgraving i 2022: Flyttet feilplassert og laget større geometri. Ved undersøkelsen i 2022 ble det gravd ut ett ovnsanlegg, en røsteplass og en slagghaug.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/105983
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2769198&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.651W, 59.888S, 6.651E, 59.888N); Ullensvang