Lokalitet registrert ved maskinell sjakting i samband med Områdeplan Rosendal tettstad, på gbnr. 82/205.
Lokaliteten består av to kokegroper av ulik storleik (S62, S63) og eit eittfasa dyrkingslag (S60). Strukturane ligg i to ulike sjakter, der kokegrop S63 ligg i nordlegast sjakt, medan kokegrop S62 og dyrkingslaget S60 ligg i sjakta litt lenger sør.
Det vart sendt inn trekolprøve til datering frå kokegropa (S62), som resulterte i ei datering frå romertid, 1820 ±30/152-256 kal. AD (Beta-nr.: 607665).
Heilt nord i lokaliteten kom eit moderne vassrøyr opp i dagen. Nedgravinga av dette har påverka nordleg ende av lokaliteten.