Indre Harøy, Lok. 2

Lokalitet på om lag 5.2 daa, definert på bakgrunn av litiske funn i minerogen masse, samt mogleg kulturlag/struktur i eit prøvestikk. Samla sett er det 15 positive og tre negative prøvestikk innanfor lokalitetsavgrensinga. Det var gjort 109 litiske funn. Lokaliteten ligg på oppdyrka innmark, og er avgrensa dels av negative prøvestikk, dels av terrenget, og dels av eit område som var undersøkt tidlegare utan at det vart gjort funn. Mot nord er lokaliteten avgrensa av negative prøvestikk, som ligg mellom denne og Indre Harøy, Lok. 1 ID 271966. Mot aust og vest er avgrensinga definert av landskapet, her er knausar med berg i dagen. Mot sør er avgrensinga delvis definert utifrå våre negative prøvestikk, og dels på eit område som tidlegare har vore undersøkt utan funn. Det føreligg ei radiologisk datering frå lokaliteten. Denne antydar datering til seinmesolittisk tid, SM2. Dette passer òg godt overeins med strandforskyvingsdiagram for område; i SM2 stod havet om lag 12m over dagens havnivå.

Lokaliteten ligg på innmark tilhøyrande gbnr. 3/3 og 3/4, og ein liten flik inne på 3/2, på Indre Harøy i Hustadvika kommune. Terrenget stig svakt mot sør, og hallar slakt nedover mot nord, mot aust og vest går dyrkamarka over i knausar med bergknausar. På midten av den søndre delen av lokalitetsflata ligg ein mindre knaus med berg i dagen – kring denne vart det gjort funn. Ei tidlegare registrering gjorde ikkje funn av litisk materiale her, men fann ein jerngjenstand i eit prøvestikk (Dyrnæs, 1994). Lokalitetsflata er nokså open, men dei kringliggjande knausane gjer ganske god ly.

Stratigrafien på lokalitetsflata er noko varierande, men funna er gjort i minerogen masse under 20-40cm matjord. Det vart og gjort funn i matjord, og i overgangen mellom laga – truleg resultat av jordbruksaktivitet. Den minerogene massen er noko variabel i farge og samansetning, men består for det meste av raud-gråbrun grusholdig sand. I nokre av stikka var dette laget av stor mektigheit, oppimot 70cm, med funn langt ned i laget. Under denne kjem ein in mange av prøvestikka ned på eit lag med mykje og større stein, moglegvis eit lag med rullestein, I nokre av stikka i området kom vi ned på gråblå silt.

Det føreligg ei radiologisk datering, på trekol frå eit prøvestikk kort det vart gjort funn av kolholdig masse tolka som mogleg kulturlag/struktur. Denne antydar datering til seinmesolittisk tid, SM2. KP72020EK – BETA – 581587. 6940 +/- 30 BP. SM2 8 kolfragment vart treartsbestemt. Alle desse var furu (Pinus). C14-analyse på trekol av furu indikerer datering til seinmesolittisk tid. Kulturminnet verker vere godt bevart, og er truleg ikkje påverka utover det som kan forventast når ein lokalitet som ligg på oppdyrka innmark.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/271967
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2493514&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2020
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.952W, 62.883S, 6.955E, 62.884N); Hustadvika