Øvre Sæla lok.2

Lokaliteten ligg i eit svakt hellande terreng mot søraust. Lokaliteten består av ei funnførande sjakt (28). Den er 8 meter lang og 3 meter brei. Sjakta er 65 cm på det djupaste og undergrunnen er gul, beige og grå kompakt silt og oransje grus og sand. Det vart registrert eit einfasa dyrkingslag i sjakta. Laget vart datert til seinmellomalder til etterreformatorisk tid. Dyrkingslaget i sjakta er truleg noko forstyrra av gardsvegen som har gått i dette området. Det ser ut til å vere påført noko massar her i samband med vegen. Lokaliteten er avgrensa av planområdet mot nordvest. Mot nord går terrenget bratt nedover ned til ei elv, så her er den avgrensa topografisk. Mot aust og sør går bilvegen. I tillegg er området rett sør for vegen undersøkt tidlegare i samband med ei registrering i 2011. Mot sør og på andre sida av vegen, går terrenget bratt oppover før det flatar ut igjen. Her står det og eit stort tre. Sør i dette området vart det grave eit funnlaust prøvestikk (AS15). Massane her var svært forstyrra av moderne aktivitet og det vart gjort funn av mellom anna porselen. Lokaliteten ligg mellom 38 og 44 m.o.h.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/323877
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3099623&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.682W, 61.501S, 5.682E, 61.501N); Sunnfjord