I forbindelse med omlegging av veg, vart det stilt krav om arkeologisk registrering ved Indredalen i Brandal. Dei arkeologiske registreringane resulterte i funn av det som truleg er eit avsviingslag eller dyrkingslag i botnen av matjorda. Laget var svært tynt og forstyrra av moderne jordbruksaktivitet. Berre ein stad i sjakt 3 vart det vurdert til å vere ein god nok kontekst for uttak av c14 prøve. Dateringa av denne viste seg å gå tilbake til overgangen mellom yngre bronsealder og eldre jarnalder. Det betyr at det har vore jordbruksaktivitet oppe i Indredalen på dette tidspunktet. Området ligg på omlag 70 - 73 meter over havet.
Dette er dei fyrste spora som er gjort etter forhistorisk dyrking i Indredalen i Brandal. Dette tyder på at det har vore ein gard i nærleiken ein stad.