Fetts fk.nr. Nyreg. Jytleskotet

Brotet ligg i eit framspring i berget, som mest ser ut som ei svær flyttblokk. Midt på dette framspringet er det ein sprekk med opning mot O. Sprekken, som har vore ei åre av kalsedon, går 6 m NV-SO inn i berget. Dei inste 2 m av brotet har tak. Høgda er her 2,3-2,8 m. I ytste delen av brotet er heile berget gjennombrote i høgda. Det måler her 4,5 m opp. Breidda på sprekken øvst på berget er berre 0,3 m. Elles er brotet om lag 1,2 m breitt innover. Berre einskilde flekker med kalsedon kan sjåast på sideveggene, medan det finst mykje på inste veggen, i golvet og i taket. Golvet stig litt innover i brotet. På golvet ligg ein del avfall. Det finst elles mykje avfall nedover skråninga utanfor brotet, opp til 20 m frå opninga.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/25918
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=57552&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.504W, 61.976S, 6.505E, 61.976N); Volda