Storåkeren

Kulturminne påvist ved maskinell sjakting på Mo. Registreringa av lokaliteten føregjekk i to delar, først traseen for VA-grøfta på vårparten (id. 298616, gravd ut av Universitetsmuseet i Bergen sommar 2023), medan resten av lokaliteten vart graven på hausten.

Det vart grave 17 funnførande sjakter innanfor lokaliteten. Lokaliteten er avgrensa med bygningar og infrastruktur i sør. Mot nord og aust går det bilvegar, og på andre sida av vegane, er det funnlause sjakter. I nordvest til vest går terrenget ned i eit svært fuktig juv, før negative sjakter på andre sida av juvet. I sørvest ligg Movatnet.

Det vart mellom anna registrert fleire førhistoriske flatmarksgraver, kokegroper, stolpehol, kultur- og dyrkingslag innanfor lokaliteten. I tillegg var det svært mange staurhol på undergrunnen over heile lokaliteten, ein kan ikkje sjå vekk i frå at ein del av desse også er førhistoriske.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/304345
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3002231&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.980W, 61.434S, 5.984E, 61.435N); Sunnfjord