Fugleberg - Fetts fk. 2/4-5, Palmehidlerane

Palmehidleren ligg om lag 50 m frå Sagvegen. Han er 15 m vid i opninga, men er ikkje noko særleg djup. Han er godt gøymd bak kratt. Litle Palmehidleren er berre 2-3 m vid i opninga og låg, men kring 5 m djup. Her er vanlege driftsmerke. Tilleggsopplysning: I januar 1991 vart det opparbeidt ein traktorveg framom Plamehidlerane og Knut Johan Nerhus følgde då med i dette arbeidet på vegne av museet. I rapporten sin skriv han at traktorvegen no skjer av ein skalk på ca. 3 m av avfallsdungen framfor Palmehidlerane. Skjeringshøgda er ca. 60 cm i snitt. Massane som gravemaskina tok, vart undersøkte og synte seg i hovudsak å innehalda kleberpulver og kleberheller av ulik storleik og fasong. Ca. 300 kg av det mest interessante materialet vart lagra i Palmehidlerane. Knut Johan Nerhus registerte Palmehidlerane i 1988 som lok. KJN-13.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35832
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=48752&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.858W, 60.018S, 5.858E, 60.018N); Kvinnherad