Steinalderlokalitet påvist med 2 funnførande prøvestikk, med til saman 3 avslag av flint.
Vi har her ei flate som i utgangspunktet såg veldig bra ut med tanke på funn frå steinbrukande tid. Det viste seg likevel å koste litt meir arbeid enn det vi såg føre oss å stadfeste dette. Jordprofilen viste eit høvesvis tjukt matjordlag, som var veldig vanskeleg å sålde. Under dette dukka det eldre utfellingslaget opp. Då vi til slutt fekk påvist flint i eit prøvestikk, og stadfesta med eit til rett ved, vart resten av lokaliteten avgrensa berre på topografien. Berg i nordaust og sørvest, stigande terreng og meir steinete i søraust. I nordvest fell terrenget og viser kor opninga mot sjøen var. Flintfunna ligg akkurat i knekken her, mellom flata og skråninga mot sjøkanten.
Det er ganske opent på flata her no. Det er tynna kraftig, så berre spreidde grantre står att. Masse tørrkvist spreidd utover det meste viser at det er hogd ein del for ikkje alt for lenge sidan.
Høgda over havet er på rundt 40 meter, den gamle strandlinja ein meter eller to lågare. Vi er i eldre steinalder og midten av seinmesolitikum, kanskje rundt tidsrommet 4500 f. Kr.