Ingridsteinen

Gravfeltet ved Ingridsteinen ligg på den NV-ligaste halvøya på Gossen. Nord for den no nedlagte flyplassen som vart lagt av tyskarane og aust for vegen til Rishaug ligg ein grusrygg, orientert nesten N-S. Gravfeltet ligg på denne grusryggen ca 600 m N for den Ø-V gåande rullebanen til flyplassen og 300 m NØ for krysset kor vegene til grustaket og Storistølen tar av frå vegen til Rishaug. Nær S-enden av feltet og noko ned i austhellinga ligg ei stor steinblokk kalla Ingridsteinen. Gravfeltet, som omfattar minst 50 røyser, ligg på toppflata av ryggen og smalnar av mot S, og noko ned i austskråninga, på begge sider av ein kjerreveg som følger toppflatas austside. Frå feltet er det god utsikt over øya mot aust, sør og vest, medan utsynet mot havet i NV er hindra av høgare knauser. Beliggenheita i terrenget skiljer seg difor frå dei typiske kystrøysene, som det elles fint ei rekke av på Gossen.

Måla av røysene er kun omtrentlege då dei fleste røysene allereie i 1976 var sterkst overgrodd då måla vart teke. Likeins vert det gjort merksam på at det mellom røysene på feltet sannsynlegvis ligg fleire fortidsminner somm var synlege ved oppmålinga (R.Scheen 1976).

Planteskogen i området gjer det vanskeleg å finne att alle røysene (april 2016). Noko av skogen er rydda, og dei røysene som ligg nærast Ingridsteinen er synlege. Det er stor sannsynleggeit for at her finst meir enn det som er registrert til no.

Gjerdet rundt Rothaugen er satt opp heilt inntil stien/vegen som går til krigsminna. Fleire av gravrøysene er såleis inngjerda, og er utilgjengeleg. Gjerdet ser og ut til å gå over enkelte av røysene (105, 29 og 20). Røys 19 er den som er mest synleg, der den ligg klemt inne mellom stien og gjerdet.

For meir informasjon sjå beskrivelse av Utgravd gravfelt Ingridsteinen ID.nr. 220338.

Arkeologisk registrering 2021: Det ble under registrering oppdaget en samling stein (92142-39) som mest sannsynlig har vært en gravrøys. Denne er trolig noe ødelagt av sti/vei i vest og øst. Det kan også bekreftes at røys 105, 29 og 20 er skadet av gjerdet som har dype betong-fester i røysene. 105 er også svært skadet av stien og en kan se hjulspor og knust stein i røysa. Røys 92142-38 (0) ligger i en skråning ned til et tidligere grustak. Røysa har fått store skader av dette, men det ble gjenfunnet noen steiner i skråningen og på flata vest for stien. Innmålingen ser imidlertid ut til å stemme for slik den kan ha sett ut. Røys 57 ble ikke gjenfunnet og er trolig borte som følge av stien som er anlagt her.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/92142
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=173921&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2005
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.829W, 62.840S, 6.834E, 62.843N); Aukra