Lokalitet 5 er definert av ei funnførande sjakt (sjakt 12), og eit maskinelt stikk (sjakt 13). Utstrekninga er anslått til om lag 430 kvm. Det er funne 2 strukturar i sjakt 12, A3 og A14. A3 er tolka som eit ovnsanlegg, muligens ei smie. A14 er oval, 30x25 cm i plan. A14 kan vere eit stolpehol forbunde med ovnsanlegget. I sjakt 13 vart det påvist eit lag (lag D) som består av svært torvhaldig humus, rustfargen tyder på at den kan vere forbunde med bearbeiding av jern. Dette laget fanst og i sjakt 12.