Øyheiè (Øyheia)

Garden Øyheiè hadde berre eitt gardsbruk, og der budde folk frå 1660-åra til 1775. Garden Øyheiè blei nedlagd fordi han låg for vêrhardt og for høgt over havet til at ein kunne vera viss på å få kornet moge, for dette var under den vesle istida. Han har ennå eige gardsnummer. I 1775 blei garden Øyheiè seld til ein mann på Hårtveit, men mannen blei buande på den garden han hadde frå før på Hårtveit. I 1830-åra blei Øyheiè seld og deld opp mellom folk på Høyland og Valand. Øyheiè blei brukt som slåtte fram til 1950-åra. Der stod tre løer i innmarka, og den eine løa stod til ut på 2000-talet. I tillegg stod det to løer nede ved det største av Heievatnan (sjå dei eigne lokalitetane Badstogløå og Stigåsliløå) som også høyrde til Øyheiè. Både Øyheiè og eit større område nedover mot Øvra Øydnevatnet blir i daglegtalen kalla Kræklingheiè, men det er eit nyare namn.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/288083
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2644348&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.331W, 58.378S, 7.332E, 58.380N); Lyngdal